Eit enkelt og hyggeleg småtbåtlag i hjartet av fjorden

Sandane Småtbåtlag samlar båtfolk i alle aldrar. Vi tilbyr trygge båtplassar, sosialt miljø, kurs og dugnader.

Kommande arrangement

  • Ingen komande arrangement.

  • Årsmøte 2025

    1. mars 2026: kl. 19:00
    SFE Strandtun

    Sandane Småbåtlag kallar inn alle medlemmar til årsmøte. Vi går gjennom årsmelding, rekneskap, budsjett og planar for komande sesong. Dette er ei fin anledning til å kome med innspel og påverke utviklinga av laget.

    Alle medlemmar er hjarteleg velkomne – vi set pris på både engasjement og gode idéar.

Siste nyhende

  • Ny bryggesjef på B-brygga

    Vi ønskjer med dette å informere om at Geir Skaaden har valt å fratre som bryggesjef for B-brygga i Sandane Småbåtlag.

    Sandane Småbåtlag vil rette ei stor takk til Geir for innsatsen og arbeidet han har lagt ned som bryggesjef.

    Vidare kan vi opplyse om at Rolf Tennebø tek over rolla som bryggesjef for B-brygga.

    Vi takkar Geir for godt arbeid, og ønskjer Rolf lukke til i den nye rolla.on goes here

  • Oppsummering frå Årsmøte

    Årsmøtet vart halde 1. mars 2026 på Strandtun, SFE i Bukta kl. 19.00, Til stades: 14 medlemmar 

    Styret held fram uendra også komande periode. Alle som stod på val tok attval, og det kom ingen benkeforslag under valet. Dermed held laget fram med same styresamansetning som før.

    Det vart vidare vedteke å auke hamneleiga frå 2000 kr/år til 2500 kr/år. Bakgrunnen er at fleire brygger nærmar seg 50 år, og laget står framfor større kostnader til vedlikehald og mogleg fornying i åra som kjem. Auken skal bidra til å sikre nødvendig økonomi for desse tiltaka. Medlemskontingenten blir ståande uendra på 1000 kr/år.

    Laget har òg valt å seie opp avtalen med rekneskapsførar. Dette skuldast ein markant auke i honorara, som gjorde løysinga vesentleg dyrare enn tidlegare. For å redusere driftskostnadene vil laget no føre rekneskapen sjølv framover.

    Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt.

  • Innkalling årsmøte

    Årsmøte søndag 1. mars 2026 kl. 19:00Strandtun SFE i Bukta.

    Saksliste:

    1. Godkjenning av innkalling og sakliste
    2. Val av ordstyrar, referent og to personar til å underteikne protokollen
    3. Årsmelding 2025
    4. Rekneskap 2025 med revisjonsmelding
    5. Årskontingent, hamneavgift, straumsøyler, kjøp og sal av båtplass
    6. Handlingsplan 2026
    7. Budsjett 2026
    8. Innkomne saker
    9. Val

    Eventuelle saker de ønskjer å ta opp, må sendast inn innan 22. februar 2026.

    Vi håpar flest mogleg har anledning til å delta. Vel møtt!

Om småtbåtlaget

Vi er eit ideelt lag drive på dugnad. Målet vårt er å gje medlemmene eit trygt, triveleg og rimeleg tilbod i båthamna. Vi arrangerer vårpuss, haustløft, kurs i sjøvett og sosiale kveldar i klubbhuset.

Alle er velkomne – anten du har jolle, seglbåt, RIB eller berre likar lukta av saltvatn.

  • Stifta: 1970-tallet

  • Medlemmar: om lag 180

  • Havneplassar: 120 båsbredder

  • Beredskap: redningsstige, brannsløkkjar & naudpunkt

Fasilitetar i hamna

Gjesteplassar

Gjesteplassar på langs på E-brygge. Betaling via Vipps. Ta kontakt for lengre opphald.

Slip & kran

Sjølvhjelpsslipp.
Eige området for utkøyring av båtvogner.

Årleg felles kranbil for utsetting og landsetting av båtar.

Ta kontakt for slipping og kraning.

Straum & vatn

Oppgraderte bryggjer med tilgang til 16 A og ferskvatnspostar.

Avfall & miljø

Sortering. Hald hamna rein!

Tryggleik

CE-merkte redningsstigar og livbøyer.

Medlemskap & prisar

Ordinært medlemskap

kr. 1000,-

  • Tilgang til slip

  • Medlemsprisar på kurs

Hamneleige

kr. 2500,-

  • Årleg leige dersom du eig plass

Hamneplass

frå kr. 61.500,-

  • 2,5 - 12 m plassar

  • Straum og vatn

  • Vaktordning

Hamnereglar (kortversjon)

  1. Alle pliktar å halde orden på eigen båtplass. Defektar skal meldast til bryggesjef.

  2. Båteigar/båtplasseigar skal syte for snømoking og reinhald, og er elles ansvarleg for det flytande anlegget.  

  3. Båten skal vere forskriftsmessig registrert og forsikra av eigaren. SSL er ikkje ansvarleg overfor båteigarane for tjuveri, brann eller andre skadar som måtte oppstå medan båten ligg i hamna.

  4. Sløying/reinsing av fisk skal ikkje gjerast i hamneområdet.

  5. Portane skal låsast når ein forlet bryggene.

  6. Bilar skal ikkje parkerast på moloen. Unnatak er av- og pålessing.

Fullstendige reglar finn du i vedtektene .

Kontakt oss

E‑post: sandanesmabatlag@gmail.com
Styreleiar: Edgar Kvernevik – 900 82 899
Hamnesjef: Øyvind Sivertsen – 992 74 096
Adresse: Ustillingsplassen, 6823 Sandane

Vipps: #824338  •  Org.nr: 989 946 668

Styret treffast best på e‑post. Vi svarar vanlegvis innan 1–2 dagar.